Skånevik Skytterlag
Skånevik Skytterlag, som vart skipa i 1887, er eit levande og aktivt lag med nesten 200 medlemmer. Laget har eit variert tilbod til sine medlemmer, som treningsskyting i idrettshallen i vinterhalvåret og på skytebanen i sommarhalvåret. Spesielt treningskveldane i idrettshallen har mange unge deltakarar. Me har jaktfelt, som er eit flott tilbod til jegrane våre, samt jegertrening og storviltprøve. Me arrangerer lagsmeisterskap i miniatyrskyting, i baneskyting og i feltskyting. Me har dei siste åra også arrangert ope miniatyrstemne på hausten, med rundt 120 deltakarar. Konkurranseskyttarane våre deltek på mange stemne i nærområdet, samt Landsskyttarstemne. Skyttarane våre helt eit bra nivå.
Skytebane
I andre etasje finn du vår miniatyrskytebane, ein 15m innandørs skytebane. Her er det trening to gonger i veka, kvar tysdag og torsdag. I tillegg vert det arrangert skyttarstemner og konkurransar eit par gonger i året.
Kontaktinfo
Kontaktperson: Roar Knudsen, leiar
Telefon: 977 89 834
Mail: skaanevik@skytterlag.no
Telefon: 977 89 834
Mail: skaanevik@skytterlag.no
